Rundtur Havpadling - 5 dager

  • Varigheit: 5 dagar
  • Dato: 10. – 14. juli
  • Pris: 5000 kr
  • Maks tal på deltakarar: 8

Beskriving av tur og krav til kompetanse og erfaring

Plan A: Denne turen er for deg som ynskjer å padle på havet så langt vest du kjem i Noreg! Området består av hundrevis av øyer, men denne turen vil stort sett gå vestafor skjærgården. Turen vil dersom forholda tillet det gå i eksponerte område på havet nær land eller i opne havområde mellom ulike øygrupper. Det må forventast middels krevande vær- og sjøforhold, dvs. vind opp til frisk bris og bølgjer opp til 1-2 meter. Dagsetappar vil vere på 15-30 km, etter vegval, vær- og sjøforhold, og gruppa si erfaring. Total distanse for ruta er omkring 120 km. Deltakarar på denne turen må ha NPF teknikkurs eller liknande, samt ha noko erfaring og vere i ok fysisk form til at gjennomføring av etappane som er skissert går greit. Deltakarar må kunne eigenredning og kameratredning, slik at alle kan fungere som sjølvstendige medlemmar av gruppa og hjelpe kvarandre ved behov.

Plan B: Gjennomføring av plan A er avhengig av relativt fine værforhold. Ved for krevjande forhold, søkjer me alternative ruter innaskjærs i skjerma farvatn. Solund er eit stort og variert område, med mange fine turmuligheiter uansett forhold. Kanskje blir me liggande værfast eit døgn og kan nytte tida til å gå ein tur på ein av dei flotte toppane i området, eller kanskje kan me nytte høvet til å surfe og leike oss litt i bølgjene?

Ved sjukdom eller skader kan det verte behov for å avbryte turen for deler av gruppa eller heile gruppa. Deltakarar vil ikkje få refundert kostnadar ved slike høve.

Deltakarane sitt utstyr

Alle deltakarar må ha padleutstyr tilpassa forholda. Det er krav om tørrdrakt eller våtdrakt, som nyttast etter behov. Alle deltakarane må ha taueline og ekstra åre. Alle deltakarar må også ha mobiltelefon og/eller VHF-radio. Me tilrår også å ta med hanskar og padlehjelm.

Padleutstyr kan leigast hjå oss.

I tillegg til padleutstyr må alle deltakarar ha generelt turutstyr inkludert telt, sovepose, liggeunderlag, kokeutstyr, gode klede, kart og kompass, fyrstehjelputstyr etc. Utstyret må pakkast tørt. Me tilrår minimum 3-5 vasstette pakksekkar i str. 10-25 liter. Alle ordnar mat sjølve. Utstyr og mat kan ordnast i fellesskap mellom deltakarar i forkant av turen.

Alternative opplegg

Turen kan etter ynskje gjerast kortare eller lengre både i tid og/eller distanse. Me skreddarsyr turar etter grupper sitt ynskje. Ta kontakt med oss om du har spørsmål!

Guide på turene utaskjærs er Eivind Aadland. Eivind er NPF Veileder i havpadling og har 10 års erfaring med kursing og guiding i havpadling. Han har gjennomført mange kurs og turar på kysten i Sogn og Fjordane og kjenner området godt. Han er også ein ganske triveleg kar!

Turoversikt1

Kommende kurs

Dato Påmeldingsfrist Påmelding
10.07.2017 - 14.07.2017 Ikke satt Påmelding

Kontaktpersoner

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har nokre spørsmål.

Administrativ kontakt
Trude Søilen
Fagleg kontakt
Eivind Ådland