Havpadling: Grunnkurs + teknikkurs med kajakk i Solund

Dette kurset kan gjennomførast som eit einskild kajakk-kurs i Solund.

Etter avslutta kurs får du så utferdiga Våttkort for grunnkurs og teknikkurs i havpadling i padleforbundet sin kursstige (våttkortsystemet).

Tek du heile kursserien, får du status som aktivitetsleiar.
Les meir om våttkort og våttkortstigen på Padleforbundet sine heimesider: www.padling.no .
Merk deg at du også får ein vesentleg rabatt, om du tek avgjerdsla om å gjennomføra heile kursserien, før oppstart av første kurs.

Kystkulturakademiet stiller til rådvelde utstyret du treng til kurset.

Kontakt oss for gunstig pristilbod for leige av kajakk, og utstyr. Du får rabatt ved leige av kajakk og utstyr om du deltek på samling 1, 2 og 3.

Overnatting skjer på Litle Færøy i naust eller telt, eller du kan tinge anna overnatting om du ynskjer det.
Sjå : www.fjordkysten.no  (Kryss av for overnatting og Solund) .

Påmelding: send epost til post@nkka.no
Ring tlf. 992 33 857 eller 476 23 461 for nærare informasjon. 

Kommende kurs

Dato Påmeldingsfrist Påmelding
02.06.2017 - 05.06.2017 Ikke satt Påmelding

Kontaktpersoner

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har nokre spørsmål.

Administrativ kontakt
Trude Søilen
Fagleg kontakt
Eivind Ådland